Historisk arkiv

Presseinvitasjon:

Høynivåmøte for havbedrifter

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen og Lise Kingo i UN Global Compact samlar representantar frå styresmakter og toppleiarar frå internasjonalt næringsliv måndag 3. juni i Oslo.

Statsråd foran skip og plattform.
Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen.

- Olje, fiskeri og maritim næring står for over 200 000 arbeidsplasser i Norge og dei skapar verdiar for 500 milliardar kroner i året. Men det er få inntekter og enda færre forretningsidear å hente frå eit dødt hav. Derfor er det så viktig at vi samarbeider internasjonalt om å ta vare på havet, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Global Compact presenterer måndag ein handlingsplan for havet, Ocean Opportunities. Noreg har vore hovudsponsor for rapporten, som handlar om korleis havnæringane kan skape forretning av berekraftsmåla.

Global Compact er FNs initiativ for å få bedrifter til å ta samfunnsansvar. 9500 bedrifter frå 160 land deltek, og målet er at dei skal vere med på å oppfylle FNs 17 berekraftsmål.

Representantar frå styresmaktene i mellom anna Storbritannia og Japan, frå den internasjonale sjøfartsorganisasjonen  IMO og den internasjonale havbotnsmyndigheita ISA samt toppleiarar frå Equinor, DNV GL, Navios Maritime Holdings, TUI Cruises, Bakkafrost og Kongsberg Gruppen deltek på møtet.

Arrangementet er ope for pressa, møt opp i god tid for registrering. Hugs ID.

Tid: 3. juni kl. 13.00 – oppmøte presse 12.45 for registrering.

Stad: Parkveien 45, Oslo.

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Ella Bye, tlf. 932 68 350.

Liste over dei som deltek på møtet finn du her:

List of Participants for Oslo Nor-Shipping Conference - 3-6 June 2019.pdf

Du kan lese meir om regjeringa si havsatsing her.