Historisk arkiv

Høyring – auka maksimalssatsar for innskot i faste beløp

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Finansdepartementet

Finansdepartementet har i dag sendt til høyring utkast til reglar om auka maksimalgrense for innskot i faste beløp i innskotspensjonsordningar o.a.

I dei skattestimulerte tenestepensjonsordningane i privat sektor er det maksimalgrenser for årlege innskot. Innskota kan vere fastsette som faste beløp eller som ein prosentdel av løn. Maksimalsatsane for innskot i prosent av løn vart auka frå 1. januar 2014. I høyringsnotatet og forskriftsutkastet frå Finanstilsynet, vert det no føreslått ein auke av maksimalsatsane for innskot i faste beløp. Det vert òg føreslått endringar for kombinerte pensjonsordningar (kombinasjon av innskots- og føretakspensjonsordningar).

Høyringsfristen er 4. mars 2016.