Høyring – fjerning av kvantitativ grense på investering i forsikringsframand verksemd

Finansdepartementet har i dag sendt til høyring eit utkast til lovendring om å fjerne grensa for kor stor eigardel eit livsforsikringsføretak kan ha i eit føretak som driv forsikringsframand verksemd.

Forsikringsføretak kan etter gjeldande rett ikkje drive anna verksemd enn forsikringsverksemd. Dette forbodet gjeld ikkje eigardelar med begrensa ansvar som representerer inntil 15 pst. av kapitalen eller stemmane i eit føretak. Finansdepartementet har bedt Finanstilsynet vurdere å fjerne denne grensa på 15 prosent, som har vore sett på som ei operasjonalisering av forbodet mot å drive forsikringsframand verksemd. Finanstilsynet har gjort framlegg om å oppheve grensa for livsforsikringsføretak, men behalde han for pensjonsføretak. Finanstilsynet grunngjev forslaget med at livsforsikringsføretaka er underlagde eit meir risikosensitivt soliditetsregelverk enn pensjonsføretak.

Fristen til å kome med merknadar til forslaget er sett til 7. september 2017.

Les meir her