Historisk arkiv

Høyring – gjennomføring av EU-reglar om referanseverdiar på finansområdet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Finansdepartementet

Finansdepartementet har i dag sendt på høyring forslag til ei utviding av referanserenteloven for å gjennomføre EU-reglar om referanseverdiar på finansområdet.

Referanseindeksforordninga for finansielle instrumenter og kontraktar (EU-forordning 2016/1011) gir reglar om fastsetting av referanserenter og andre indeksar som vert nytta som referansar i finansielle instrument og kontraktar, eller for å måle resultata til investeringsfond.

I Noreg er det gitt overordna reglar om fastsetting av referanserenter i referanserenteloven. Lova gir heimel for framtidig gjennomføring av forordninga sine reglar om referanserenter, og for fastsetting av midlertidige forskriftsreglar i tråd med forordninga sine reglar. Slike forskriftsreglar trådde i kraft 1. januar 2017. Referanserenteloven gir ikkje heimel for gjennomføring av referanseindeksforordninga sine reglar om andre referanseindeksar enn referanserenter.

På oppdrag frå Finansdepartementet har Finanstilsynet utarbeidd eit høyringsnotat med utkast til ei utviding av referanserenteloven, slik at lova kan dekkje den fulle breidda av forordninga.

Høyringsfristen er 7. september 2017.

Les meir