Historisk arkiv

Høyring av lovendringar som er nødvendige for å følgje opp kvotemeldinga

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

Nærings- og fiskeridepartementet har utarbeidd eit høyringsnotat om endringar i deltakarlova og havressurslova for å følgje opp Meld. St. 32 (2018-2019) Et kvotesystem for økt verdiskaping (kvotemeldinga).

Lovforslaga er ei teknisk oppfølging av dei tiltaka som regjeringa har gjort framlegg om i kvotemeldinga.

Høyringsnotatet inneber fleire endringar i lovføresegnene om konsesjonar, årlege deltakaravgrensingar og fangstmengd. Dette er ei følgje av at regjeringa i kvotemeldinga foreslår nokre grunnleggjande endringar i kvotesystemet. Hovudprinsippane i deltakarlova og havressurslova ligg likevel fast.

Høyringsfrist er 3. desember 2019.