Historisk arkiv

Høyring om bankane sitt tilbod av kontanttenester

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Finansdepartementet

Finansdepartementet har i dag sendt på høyring eit forslag frå Finanstilsynet om forskriftsendringar som gjer det klart at kvar einskild bank må syte for at kundane har tilgang til kontanttenester.

Forslaget inneber at bankane må gi kundane høve til å sette inn og ta ut kontantar, enten i regi av banken eller gjennom avtale med andre tilbydarar av kontanttenester.

Høyringsfristen er 10. desember 2021.

Les høyringa