Historisk arkiv

Høyring om fangstsertifikat

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Fiskeri- og kystdepartementet har no ute til høyring eit forslag til forskrift om fangstsertifikat m.v. Dette er ei oppfølging og gjennomføring av dei krava som frå 1. januar vert stilte til eksport av fisk og fiskevarer til EU.

Fiskeri- og kystdepartementet har no ute til høyring eit forslag til forskrift om fangstsertifikat m.v. Dette er ei oppfølging og gjennomføring av dei krava som frå 1. januar vert stilte til eksport av fisk og fiskevarer til EU.

Forskrifta byggjer på EUs forordning (EF) nr 1005/2008, vedteken 29. september 2008, som er ei forordning som skal førebyggje, avverje og stanse ulovleg, urapportert og uregulert fiske. Det er kapittel 2 og 3 i forordninga, om innføring av fangstsertifikatordning for import og eksport av fiskeprodukt til EU, som i hovudsak vedkjem Noreg som 3. land og som forskrifta tek utgangspunkt i. Kravet om fangstsertifikat er ei importregulering, einsidig fastsett av EU.

Noreg har inngått ein bilateral avtale med EU som inneber at det norske systemet for fangstsertifikat kan baserast på sluttsetelsystemet.

Forskrifta inneber at all villfanga fisk som vert eksportert til EU skal han med eit fangstsertifikat. Det betyr at norske eksportørar eller fartøy som landar direkte i EU må sørgje for at eit sertifikat følgjer alle norske sendingar (landingar) til EU frå 1. januar 2010. Kravet om fangstsertifikat vil berre gjelde for fisk som er fanga etter denne datoen. Havbruksprodukt og mjøl/oljeprodukt er unnatekne kravet om fangstsertifikat. Ei detaljert liste over unnatekne produkt går fram av Anneks 1 i forordninga.

Høyringsfristen er 1. desember 2009. Det nye regelverket vil tre i kraft frå 1. januar 2010.

Høyringsbrev, høyringsliste og forslag til forskrift

EU-forordning nr. 1005/2008 i engelsk versjon

EU-forordning nr. 1005/2008 i dansk versjon

Kontaktpersoner:
Avdelingsdirektør Dag Erling Stai tlf. 22 24 64 14
Avdelingsdirektør Sverre Johansen tlf. 22 24 64 47