Historisk arkiv

Høyring om nye forskriftsreglar for sikkerheitssaker etter utlendingslova

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Justis- og beredskapsdepartementet

Justis- og beredskapsdepartementet har sendt på høyring eit forslag om nye reglar i utlendingsforskrifta. Reglane gjeld handsaming av utlendingssaker som rører ved grunnleggande nasjonale interesser eller utanrikspolitiske omsyn (sikkerheitssaker).

Justis- og beredskapsdepartementet har sendt på høyring eit forslag om nye reglar i utlendingsforskrifta. Reglane gjeld handsaming av utlendingssaker som rører ved grunnleggande nasjonale interesser eller utanrikspolitiske omsyn (sikkerheitssaker).

21. juni 2013 vedtok Stortinget nye reglar for handsaming av sikkerheitssaker etter utlendingslova, på grunnlag av Justis- og beredskapsdepartementet sitt lovforslag i Prop. 141 L (2012-2013) Endringer i utlendingsloven mv.(behandling av sikkerhetssaker). Forskriftsendringane departementet no foreslår, gjev nærare reglar for sakshandsaminga.

Saman med dei allereie vedtekne reglane i utlendingslova skal forskriftsendringane mellom anna bidra til at personar som utgjer ein trugsel mot nasjonal tryggleik kan utvisast, samstundes som rettstryggleiken er ivareteken.

I tillegg til ei rekkje endringar av teknisk karakter, omfattar forslaga mellom anna:

Retningslinjer for dei vurderingar Politiets sikkerheitsteneste (PST) og Utanriksdepartementet skal gje til UDI i slike saker.Vilkår for å bli oppnemnd som særskilt advokat i rettssaker etter regelverket for sikkerheitssaker.Nærare reglar om den særskilte advokaten si rolle.Reglar for dokumenthandtering, rettsmøte og vitneføring i domstolen. Regulering av kommunikasjon mellom den særskilte advokaten, utlendingen og utlendingen sin ordinære prosessfullmektig.

Les høyringsbrevet her