Historisk arkiv

Høyring om regulering av havbruk i Hardangerfjorden

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

- Miljømessig berekraft er nødvendig for langsiktig utvikling og vekst i havbruksnæringa. Forslaget som vi no sender på høyring gjer det enklare å sikre ei forsvarleg mengd oppdrettslaks i Hardangerfjorden. Forslaget inneber lik behandling og tek vare på dei mindre aktørane i fjorden på ein god måte, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.

På bakgrunn av uroingsmeldingar om situasjonen for villfisken i Hardangerfjord-området, la Fiskeri- og kystdepartementet våren 2008 restriksjonar på vidare auke i mengda av laks, aure og sjøaure i oppdrett medan ein venta på eit eige forvaltningsregime for området.

Hausten 2009 foreslo departementet å innføre eit tak for den mengda laks, aure og sjøaure som til ei kvar tid kan stå i oppdrettsanlegga i Hardangerfjorden. Dette biomassetaket er på 50 000 tonn. Departementet foreslo to ulike måtar å gjere dette på. Målet var å sikre at det ikkje stod meir fisk i fjorden enn det gjorde våren 2008.

På bakgrunn av høyringsfråsegner foreslår departementet å ta inn Langenuen i verkeområdet til forskrifta, utan å endre det foreslåtte taket på kor mykje laks, aure og sjøaure som kan stå i oppdrettsanlegga i fjorden. Departementet har òg kome til at det finst meir eigna måtar å regulere biomassen på. Departementet sender difor no på høyring eit nytt forslag til korleis mengda av oppdrettsfisk kan regulerast. Forslaget er eit supplement til høyringa hausten 2009 og inneber at kvar fiskeoppdrettar får skjerma tre oppdrettsløyve, medan dei andre løyva kan utnyttast med 25 prosent.