Høyringsforslag om ny AFP i offentleg sektor

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet sender forslag om ny avtalefesta pensjon (AFP) i offentleg sektor på høyring. Den nye ordninga skal gjelde for årskulla fødd 1963 og seinare.

Ny offentleg AFP vil gi offentleg tilsette betre høve til å kompensere for effekten av levealdersjusteringa og styrke arbeidsinsentiva.

– Eg er glad for at vi no sender forslaget på høyring. 1963-kullet fyller 62 år i 2025, og det betyr at regelverket for ny offentleg AFP må vere på plass i god tid før det, seier arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen.

I 2018 blei det avtalt at AFP i offentleg sektor skulle leggjast om etter mønster av AFP i privat sektor. Det inneber mellom anna at ny AFP i offentleg sektor blir eit livsvarig påslag til alderspensjon frå folketrygda som kan takast ut fleksibelt mellom 62 og 70 år, og som kan kombinerast med arbeidsinntekt utan at pensjonen blir redusert.

Forslaget er utforma i tråd med reglane for privat AFP, men med dei avvika som følgjer av avtalen. I høyringsnotatet blir det også foreslått at tid i AFP-ordninga i privat sektor kan telje med i vurderinga av om rett til ny offentleg AFP er oppnådd.

Forslaget blir sendt på alminneleg høyring med frist på tre månader.