Historisk arkiv

Høyringsmøte om klimastrategien i ny NTP

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet held måndag 13. juni eit høyringsmøte om klimastrategien i ny Nasjonal transportplan. Du kan følgje møtet på nett-tv frå kl 13. Dette er ein del av høyringa av plangrunnlaget for ny transportplan som etatane har laga. Ny NTP kjem våren 2017.

Nett-tv 13. juni kl 13.30

- Det er viktig at transportsektoren reduserer sin del av miljøbelastinga, både i form av støy og utslepp. Det er derfor både viktig og nyttig å få gode innspel om ny teknologi, arealpolitikk, drivstoff og andre løysingar som kan bidra til ein meir miljøvennleg og energieffektiv transportsektor, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Til høyringsmøtet måndag 13. juni kjem representantar for både forskingsmiljø, næringsliv- og miljøorganisasjonar.

- Vi samlar inn synspunkt, idear og erfaringar frå politikarar og næringsliv over heile landet i arbeidet med ny NTP. I tillegg til ein meir miljøvennleg bruk av infrastrukturen er heilskapelege løysingar, effektiv ressursbruk og auka vedlikehaldsinnsats viktige stikkord. 

- Innspel frå ulike hald er med på å styrkje og utvide grunnlaget til regjeringa for å fastleggje prioriteringar og økonomiske rammer for den nye transportplanen.

Ny NTP skal leggje føringane for landets infrastruktur fram mot 2050 og vert lagt fram våren 2017.

For fleire opplysningar – sjå: Grunnlagsdokument og høyring om Nasjonal transportplan 2018-2029

Følg debatten om NTP på Twitter: #transportplan og #ntp

Send oss gjerne innspel på Facebook

Fristen for innpel er 1. juli 2016.