Historisk arkiv

Høyringsmøte om vraket av ubåten U-864

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Fiskeri- og kystministeren inviterer til opne høyringsmøte i Bergen og Fedje om miljøtiltak ved vraket av ubåten U-864 den 2. mai 2012. Møta vil vere opne for alle interesserte og media.

Fiskeri- og kystministeren inviterer til opne høyringsmøte i Bergen og Fedje om miljøtiltak ved vraket av ubåten U-864 den 2. mai 2012. Møta vil vere opne for alle interesserte og media.

11:00 – 12:30 Clarion Hotel Bergen Airport
- Kort innleiing ved fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen
- Orientering om dei faglege vurderingane og konklusjon ved Paul Torgersen, Metier AS
- Innlegg frå Hordaland fylkeskommune
- Innlegg/kommentarar/spørsmål frå andre

16:00 – 17:30 Møte på Fedje i Fleirbrukshallen
- Velkomen ved ordførar Kristin Handeland
- Kort innleiing ved fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen
- Orientering om dei faglege vurderingane og konklusjon ved Paul Torgersen, Metier AS
- Innlegg frå Aksjonsgruppa hev U-864
- Innlegg/kommentarar /spørsmål frå andre

Bakgrunn

I 2011 la Kystverket fram ei konseptvalutgreiing med vurdering av ulike alternativ for miljøtiltak ved vraket av U-864. Kystverket tilrår i konseptvalutgreiinga at både vraket og den forureina havbotnen ved vraket blir dekka med reine massar, slik at forureininga blir isolert frå miljøet.

Kystverket si konseptvalutgreiing har vore gjennom ei ekstern, uavhengig kvalitetssikring av Metier AS og Møreforskning Molde AS.

Den eksterne kvalitetssikringa vart overlevert fiskeri- og kystministeren den 25. januar i år, og inngår i det faglege grunnlagsmaterialet for val av kva konsept som skal leggjast til grunn for vidare planlegging av miljøtiltak ved vraket av U-864.

Kontakt: Pressevakt 22 24 66 99