Historisk arkiv

Høyringsnotat – heimfall – framlegg om utleige av vasskraftproduksjon

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Olje- og energidepartementet

Olje- og energiminister Terje Riis-Johansen la i går fram eit høyringsnotat som opnar for at vasskraftproduksjon kan leigast ut i inntil 15 år.

Olje- og energiminister Terje Riis-Johansen la i går fram eit høyringsnotat som opnar for at vasskraftproduksjon kan leigast ut inntil 15 år.
- For ein kommune som ikkje ønskjer uvissa knytt til kraftproduksjon, men samstundes ønskjer å la framtidige kommunestyre få høve til å vidareføre eigarskapet, kan utleige vere eit alternativ til sal, seier statsråd Terje Riis-Johansen.

Framlegget om utleige er ei vidareføring av heimfallssaka som sikrar og styrkar det offentlege eigarskapet til våre felles vasskraftressursar.
– Dette er eit av dei største og mest prinsipielle vegval på mange år når det gjeld politikk knytt til naturressursar, uttalte olje- og energiminister Terje Riis-Johansen den gong.

Formålet om å sikre og styrke det offentleg eigarskapet tilseier at leigeperiodane ikkje bør vere for lange.
- Vårt forslag om 15 år tar omsyn til dette samstundes som det gjev industrien, kommunane og kraftbransjen gode muligheiter til å finne tilpassa løysingar og sikre best mogleg utnytting av kraftressursane, seier Terje Riis-Johansen.

Statsråden foreslår også at det igjen blir høve til å inngå avtaler om tidsuavgrensa medeigarskap til vasskraftproduksjon. Medeigarskap til vassproduksjon kan blant anna opne for at fylkeskommunar og andre offentlege eigarar på enklare vis kan delta i nye utbyggingsprosjekt.

Utkastet til lovendringar vert sendt på høyring med frist for tilbakemelding til 20. februar 2009. Etter at departementet har vurdert høyringsinnspela vil Regjeringa fremja  proposisjon for Stortinget til handsaming.

Høyringsnotatet og anna relevant informasjon finst på OED sine heimesider under høyringssaker. Alle som ynskjer kan sende inn høyringsinnspel uavhengig om dei har motteke høyringsnotatet frå departementet eller ikkje.