Historisk arkiv

Humaniorameldinga blir presentert

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Kunnskapsdepartementet

Sted:

Snart legg regjeringa fram stortingsmeldinga om humaniora. 22. mars inviterer kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen til symposium der han presenterer hovudinnhaldet i meldinga.

Arrangementet vil vere todelt: Fyrst vil kunnskapsministeren presentere meldinga, og det vil bli høve til å intervju han ca. kl. 1330.

Deretter blir det eit symposium der fyrste bolk handlar om korleis humanistisk kunnskap kan hjelpe i arbeidet for forsoning etter konfliktar og overgrep. Andre bolk dreier seg om korleis humanistisk kunnskap kan brukast for å forstå dei menneskelege sidene ved teknologiskift. 

Tid: Onsdag 22. mars kl. 1300-1700

Stad: Universitetet i Oslo, Sophus Bugges hus