Historisk arkiv

Husbanken kan låne ut to milliardar meir

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

- Med to milliardar kroner meir i potten kan Husbanken spele ein meir aktiv rolle i nybygging i storbyane, seier kommunal- og regionalminister Sylvia Brustad. - Dessutan kan banken hjelpe fleire som set bu for første gong.

Pressemelding

Nr.: 141/2001
Dato: 11.10.2001

Statsbudsjettet 2002

Husbanken kan låne ut to milliardar meir

- Med to milliardar kroner meir i potten kan Husbanken spele ein meir aktiv rolle i nybygging i storbyane, seier kommunal- og regionalminister Sylvia Brustad. - Dessutan kan banken hjelpe fleire som set bu for første gong.

I statsbudsjettet foreslår Regjeringa å auke låneramma i Husbanken med to milliardar kroner frå 13 milliardar til 15 milliardar. Låneramma er da heva med fire milliardar kroner frå i fjor.

Ein større del av oppføringslåna til Husbanken skal gå til bustadsbygging i pressområda der det i fleire år er bygd for få bustader og der etterspørselspresset er stort. Husbanken skal godta høgare kostnader og låne ut meir til prosjekt med gode miljøkvalitetar, god tilkomst og prosjekt med mindre bustader (mindre enn 95 kvadratmeter) i pressområda.

Fleire av dei som skaffar seg bustad for første gong skal få lån til å kjøpe brukt bustad. Etableringslånet som blir formidla gjennom kommunane, og kjøpslånet som kjem direkte frå Husbanken, skal styrkjast. Med større låneramme er det skapt rom for at 16 000 husstandar kan få etableringslån neste år. Det er 4 000 fleire enn i 2001 og 8 000 fleire enn i 2000.

- Lån gjennom Husbanken er eit effektivt verkemiddel for å nå bustadpolitiske mål både når det gjeld bustadetablering, kvalitet og miljø, seier statsråd Brustad. Ho understrekar at Husbank-finansieringa av bustader i Distrikts-Noreg skal førast vidare sjølv om pressområda no er prioritert i større grad.