Historisk arkiv

Husdyra skapar jordbruksverdiane i Møre og Romsdal

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Så mykje som 92 prosent av verdiskapinga i jordbruket kjem frå mjølk, storfe, sau og geit. Det er produksjonar som krev mykje areal. Nesten alt jordbruksareal i fylket er i bruk til gras.  Det viser arealbarometeret til Norsk institutt for bioøkonomi.

– For å kunne meine og ta gode avgjerder, treng vi god dokumentasjon. Vi treng kunnskap om jordbruksareala i landet vårt, kvar dei finst og om eigenskapane og kvaliteten på ressursane. Slik innsikt gir Arealbarometera frå NIBIO, sier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

Mjølke- og kjøtproduksjon frå storfe, sau og geit er arealkrevende jordbruk. Heile 97 prosent av areala i drift i Møre og Romsdal blir nytta til grovfôr eller innmarksbeite.
Mjølke- og kjøtproduksjon frå storfe, sau og geit er arealkrevende jordbruk. Heile 97 prosent av areala i drift i Møre og Romsdal blir nytta til grovfôr eller innmarksbeite. Foto: NIBIO/Oskar Puschmann.

Store utmarksbeite er og ein viktig del av ressursgrunnlaget. Barometeret viser at fylket har 656 300 dekar jordbruksareal. Det er knappe fem prosent av samla landareal i fylket.

Graset er berebjelken

Ti prosent av kumjølkkvoten og 14 prosent av geitemjølkkvoten i Noreg er samla i fylket. Møre og Romsdal er det tredje største geitefylket i landet. 2,5 millionar liter geitemjølk vert produsert på 38 bruk. Jarlsbergost og Ridderost blir begge produserte i fylket. Det gjer og geitosten Snøfrisk.

Grasbaserte husdyrproduksjonar som mjølk, storfekjøt, sau og geit står for 91 prosent av omsetninga, 92 prosent av verdiskapinga og 93 prosent av sysselsettinga i jordbruket. 

Landbruksdirektøren peiker på at jordbruket er ei viktig næring i Møre og Romsdal.
Landbruksdirektøren peiker på at jordbruket er ei viktig næring i Møre og Romsdal. Foto: NIBIO/Oskar Puschmann.

Jordbær og potet er viktig for fylket

For enkelte kommunar er også andre produksjonar svært viktige. 50 prosent av Noregs industrijordbær kjem frå Norddal kommune som har 53 prosent av jordbærarealet i Møre og Romsdal på 1070 dekar. Norddal kommune har verdas nordlegaste yrkesfruktdyrking, og er dominerande på frukt i fylket.

Tre fjerdedelar av potetarealet i fylket, knappe 1 400 dekar, ligg i Sunndal kommune. Der har det vakse fram eit miljø rundt potetdyrking og merkevaren Sunndalspotet. Samla potetareal i fylket utmerker seg ikkje i storleik. Likevel var Møre og Romsdal blant dei fylka i Noreg som hadde høgast avling per dekar i 2016, med 2 756 tonn.

Eit jordbruk i endring

Talet på mjølkebønder er halvert sidan tusenårsskiftet, men produksjonen er framleis høg. Buskapane blir stadig større, og dyra har i same periode auka yteevna. Talet på føretak som mottek produksjonstilskot har gått ned frå 3 008 i 2010 til 2 181 i 2016. Talet driftseiningar totalt er 2 920.

Det meste av jordbruksarealet i Møre og Romsdal er fulldyrka jord som er veleigna til åkervekster og eng. Tilgang på slike areal er avgjerande for landbruket i fylket.
Det meste av jordbruksarealet i Møre og Romsdal er fulldyrka jord som er veleigna til åkervekster og eng. Tilgang på slike areal er avgjerande for landbruket i fylket. Foto: NIBIO/Oskar Puschmann.

Kartleggjar landbruksressursane i Noreg

Data som blir presenterte gjennom Arealbarometera blir brukt i konsekvensutgreiingar, arealplanlegging og i søknadar om ulike tilskot innan landbruket. Det er Landbruks- og matdepartementet som har tildelt NIBIO oppgåva med å kartleggje landbruksressursane i Noreg, og formidle kunnskapen. Arealbarometera er viktige verktøy i formidlinga.