Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2009

Husleigetvistutvalet vert permanent ordning

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

- Husleigetvistutvalet har vore ei vellukka ordning som gir eit godt og effektivt tilbod til partar i husleigetvistar. Eg er difor glad for at regjeringa no gjer ordninga permanent for Oslo og Akershus, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.

- Husleigetvistutvalet har vore ei vellukka ordning som gir eit godt og effektivt tilbod til partar i husleigetvistar. Eg er difor glad for at regjeringa no gjer ordninga permanent for Oslo og Akershus, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Husleigetvistutvalet i Oslo og Akershus vert permanent frå 01.01.2009. Vi vil no arbeida med å utvida ordninga geografisk, i første omgang til Bergen og Trondheim.

Formålet med Husleigetvistutvalet har vore å sikra rask, rimeleg og kompetent behandling av husleigetvistar. Det vart oppretta i 2001 som ei prøveordning for Oslo, og er seinare utvida til òg å omfatta Akershus. Utvalet kan mekla og treffa avgjerder i alle typar tvistar som gjeld leige av bustad i Oslo og Akershus. Tvisteløysarane i Husleigetvistutvalet er juristar med spesiell kjennskap til husleigerett og konfliktmekling.

Husleigetvistutvalet har lukkast med å behandla sakene på ein rask og rimeleg måte for partane. Saksbehandlingstida er i snitt 7 veker for saker som vert forlikt og 12 veker for saker der det vert treft avgjerd. - Eg synest det er flott at husleigetvistar kan få så rask avgjerd framfor at partane må inn i kostbare og tidkrevjande rettssaker, seier Kleppa.

I 2006 vart det vedteke at saker som høyrer inn under området til Husleigetvistutvalet ikkje lenger skal behandlast i forliksrådet i kommunar som har husleigetvistutval. Etter denne endringa har talet på saker auka sterkt, og vi forventar ei fortsett auking som følgje av dette.

Kommunal- og regionaldepartementet s pressetelefon: 22 24 25 00