Statsbudsjettet 2018

Idrettslag får 185 millionar kroner til bygging av idrettsanlegg

Regjeringa foreslår ei løyving på 185 millionar kroner til meirverdiavgiftskompensasjon ved bygging av idrettsanlegg. Beløpet er 14 millionar kroner høgare enn i 2017 då det er løyva 170,9 millionar kroner.

– Idrettslag og foreiningar bidrar i stor grad til bygging av idrettsanlegg. Regjeringa ønskjer å skape gode rammevilkår for slike investeringar, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland.

– Framlegget til løyving er omlag tre gonger høgare enn løyvinga i 2013. Idrettslag og foreiningar har kvart år sidan 2013 fått innvilga heile sine godkjente søknadsbeløp. Regjeringa ønskjer å vidareføre ei god og føreseieleg ordning for søkarane, seier Hofstad Helleland.

Formålet med kompensasjonsordninga er å lette finansieringa av anleggsinvesteringar for idrettslag og foreiningar. Ordninga omfattar alle som søkjer og oppfyller vilkåra for å ta imot spelemiddel gjennom tilskotsordninga for bygging av idrettsanlegg, med unntak av kommunar/fylkeskommunar og kommunale føretak.