Historisk arkiv

Utanriksminister Eriksen Søreide til møte i Kuwait om kampen mot Isil og attreising i Irak

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide er i Kuwait 13.-14. februar for møte i den internasjonale anti-Isil-koalisjonen og konferanse for attreising i Irak.

Utanriksministeren held innlegg på møtet i anti-Isil-koalisjonen 13. februar og møter ministrar og andre om utfordringar i Midtausten.

- Sjølv om dei aller fleste områda i Syria og Irak er frigjort frå terrorgruppa ISIL, er ikkje kampen over. No startar eit krevjande arbeid der politiske løysingar og sivil innsats vil få ei enda viktigare rolle. Noreg bidreg til koalisjonens sivile og militære innsats. Vi må hindre at ISIL på nytt får fotfeste, seier utanriksminister Eriksen Søreide.

14. februar deltek utanriksministeren på ministermøtet til konferansen om attreising i Irak. Konferansen er arrangert av Irak og Kuwait i samarbeid med Verdsbanken og har deltakare frå ei rekkje land, privat sektor og bistandsorganisasjonar.

- Mange irakarar som vart drive på flukt frå terrorgruppa ISIL har vendt heim. Framleis er over 2,6 millionar menneske internt fordrivne. Det er store behov for å stabilisere lokalsamfunn, attreise hus og rydde miner og eksplosivar. Noreg vil også helde fram det humanitære engasjementet i landet, seier utanriksministeren.

Omlag 8,7 millionar menneske i Irak treng humanitær bistand, ifølgje FN. Noreg bidrog med meir enn 318 millionar i bistand til Irak i 2017.

Pressekontakt: Kristin Enstad, kristin.enstad@mfa.no, mob 482 68 835(med på reisa)