Historisk arkiv

Nye lovar og reglar på helse- og omsorgsområdet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

Følgande lovar og reglar trer i kraft frå og med 1. juli på helse- og omsorgsområdet.

Ny helsetilsynslov: Utvidinga av plikten til å varsle Helsetilsynet om alvorlege hendingar vert utvida til også å gjelde dei kommunale helse- og omsorgstenestene. Samstundes får pasientar og pårørande ein rett til å varsle slike hendingar.

- Å følge opp feil og lære av feil er helt avgjerande for å gjere tenestene betre og pasientane tryggare. Tidligare har det berre vore sjukehusa som var pliktige til å varsle. No utvidar vi plikten til å varsle til å omfatte kommunar og private som yter helse- og omsorgstenester. Pasientar og pårørande får også rett til å varsle Helsetilsynet om alvorlege hendingar, seier eldre- og folkehelseminister Sylvi Listhaug.

Ny pasientjournalforskrift: Forskriften er betre tilpassa digitale journalar og EU sin nye personvernforordning.

Endringar i smittevernlova: Endringane inneber blant anna at det er vedtatt krav som skal vurderast ved iverksetjing av smitteverntiltak, ei presisering av plikten til å gje og ta imot personleg smittevernrettleiing, samt enkelte endringar i reglane om tvangsbruk etter smittevernloven for blant annet for å kunne fatte hastevedtak om isolering, få raskere saksgong i smittevernnemnda, og for å tydeleggjere reglane for behandling ved resistensproblematikk.