Revidert nasjonalbudsjett 2020

IKT-utstyr til kriminalomsorga

Dette innhaldet er meir enn 5 månadar gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert. Du finn oppdatert informasjon på temasida Koronasituasjonen.

Innsette skal kunne ha kontakt med pårørande og advokat under koronapandemien. Regjeringa foreslår derfor å bevilge 7 millioner kroner til mellom anna innkjøp av sikra IKT-utstyr som nettbrett og telefoni.

Innsette har ikkje tilgang til eigen mobiltelefon eller nettbrett slik at dei kan ha digital kontakt med sine nærmaste.

– Kontakt med pårørande er viktig for dei innsette under soning, og for å unngå uro i fengsla, seier justis- og beredskapsminister Monica Mæland.

– Innkjøp av sikra IKT-utstyr som nettbrett og telefonar har vore naudsynt for å sikre dei innsette kontakt med pårørande og advokat, samstundes som kriminalomsorga ivaretek dei pålagde smittevernomsyna, seier Mæland.

Innsatte har rett til besøk

Etter straffegjennomføringslova § 31 har innsatte rett til besøk.

For situasjonen med covid-19 er det gitt særskilde reglar, sjå forskrift 27. mars 2020 nr. 461 § 1 og Prop. 111 (2019-2020) om midlertidige endringar i straffegjennomføringslova, forslag til § 45 a.

Etter forslaget i proposisjonen kan kriminalomsorga nekte besøk om besøket vil innebere ei særskild smitte- eller helsefare, eller det på grunn av sjukefråver i fengselet vil bli mishøveleg kjevjande å gjennomføre besøket. Kriminalomsorga skal leggje til rette for at innsette kan ha kontakt med familie eller andre ved bruk av fjernkommunikasjon.