Historisk arkiv

Imarsundprosjektet: Ferjefritt vegsamband mellom Tustna og Aure, ferdig i 2006

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Arbeidet med utbygging av Imarsundprosjektet kan ta til i haust og vil vere ferdig i 2006. (28.05.04)

Pressemelding

Nr.: 69/04
Dato: 28.05.04

Imarsundprosjektet: Ferjefritt vegsamband mellom Tustna og Aure, ferdig i 2006

- Arbeidet med utbygging av Imarsundprosjektet kan ta til i haust og vil vere ferdig i 2006. Utbygginga vil føre til kortare reisetid og betre transporttilbod for folk og næringsliv i eit område som særleg omfattar kommunane Frei, Kristiansund, Tustna, Aure, Smøla og Hemne. Imarsundprosjektet er det første ferjeavløysningsprosjektet der ein har tatt i bruk ei ny ordning som gjer at innsparte statlege ferjetilskott kan inngå som ein del av finansieringsopplegget for vegutbygging.

Dette seier samferdselsminister Torild Skogsholm i samband med at det i statsråd i dag vart gjort framlegg om utbygging og finansiering av Imarsundprosjektet. Utbygginga av dette riksvegprosjektet omfattar 3,4 kilometer ny veg på riksveg 680, med ei 580 meter lang bru over Imarsundet og ei 300 meter lang bru over Litjsundet. Gjennomføring av prosjektet vil gi ferjefritt samband mellom dei to kommunane Tustna og Aure på Nordmøre, i Møre og Romsdal.

Utbygginga fører til at riksvegferjesambandet Aukan – Vinsternes kan leggjast ned, samtidig som også ferjesambandet Aukan – Edøya (Smøla) – Forsnes (Hitra) blir endra: Ferja til Forsnes blir lagt ned, og ferjestrekninga til Smøla blir korta ned ved bygging av 1,3 kilometer ny veg på riksveg 669 til Sandvika og bygging av ei ny ferjekai i Sandvika i Tustna kommune. Den nye ferjekaia i Sandvika vil erstatte dagens ferjekai på Aukan og korte ned reisetida på ferjesambandet mellom Tustna og Edøya i Smøla kommune med om lag 5 minutt.

Dei samla byggjekostnadene for Imarsundprosjektet er rekna til 250 millionar 2004-kroner, fordelt med 209 millionar kroner på sjølve Imarsundsambandet og 37 millionar kroner til ny veg til Sandvika og utbygging av ny ferjekai i Sandvika. Eit eingongstilskott på 4 millionar kroner til investering i kabelferje og vegutbetring på Solskjeløya inngår dessutan i dei samla kostnadene for Imarsundprosjektet.

Finansieringsopplegg

Med 250 millionar kroner i byggjekostnader og eit finansieringsopplegg som fører til 130 millionar kroner i kapitalkostnader, blir dei samla kostnadene for Imarsundprosjektet på 380 millionar kroner.

Dei samla kostnadene på 380 millionar kroner skal finansierast slik:

  • 99,5 millionar kroner blir dekt ved hjelp av bompengar: Innkrevjing av forskotsbompengar vil skje i ferjesambanda Aukan – Vinsternes, Seivika – Tømmervåg og Aukan – Edøya i to år. Etter fullføring av Imarsundprosjektet er det lagt til grunn innkrevjing av etterskottsbompengar i ferjesambanda Seivika – Tømmervåg og Sandvika – Edøya og ved ein bomstasjon på den nye riksveg 680 i Aure, om lag 700 meter aust for den nye brua over Litjsundet.
  • 15 millionar kroner er eit tilskott frå Kommunal- og regionaldepartementet, på vilkår av at det mellom anna blir tilslutnad til samanslåing av kommunane Tustna og Aure.
  • 18,5 millionar kroner er eit samla tilskott frå kommunane Tustna og Aure, fordelt over fem år. Etter vedtak i dei to kommunane er tilskottet gjort avhengig av at det blir tilslutnad til ei samanslåing av dei to kommunane, slik at delar av innsparte utgifter som følgje av ei kommunesamanslåing kan nyttast som tilskott til Imarsundprosjektet.
  • 180 millionar blir finansiert ved at bompengeselskapet forskotterer innsparte statlege tilskott til drift av ferjesamband i området, korrigert for auka drifts- og vedlikehaldsutgifter på vegnettet. Det er lagt opp til at staten skal tilbakebetale forskotteringa gjennom årlege utbetalingar over 15 år.
  • 67 millionar kroner blir finansiert ved at bompengeselskapet forskotterer innsparte tilskott til dekning av kapitalkostnader for ei ferje. Staten vil betale tilbake forskotteringa gjennom årlege utbetalingar over 15 år.

Dette finansieringsopplegget, medrekna opplegget for bompengeinnkrevjing, er i samsvar med lokalpolitiske vedtak.



Til redaksjonen
For meir informasjon – sjå:

  • kartskisse

alt:



Til toppen