Historisk arkiv

Import av gatehundar til Noreg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Mattilsynet og Veterinærinstituttet har i fleire år åtvara mot å ta med gatehundar til Noreg. Import av gatehundar aukar risikoen for at vi får inn nye virus, bakteriar eller parasittar som gir sjukdom hos både dyr og menneske i Noreg.

Styresmaktene oppmodar difor folk til å hjelpe gatehundar i dei landa dei kjem frå, i staden for å ta dei med til Noreg. 

Mattilsynet samarbeider med Tollvesenet om tilsyn med innførsel av hundar og mange som har med hund, vert kontrollerte på grensa. Mattilsynet driv og eit omfattande informasjonsarbeid om trygg innførsel av dyr. 

– Sjølv om Mattilsynet har stor merksemd på utfordringane knytt til gatehundar, har eg bedt dei om å vurdere tiltak for å redusere risikoen for å få inn uønskte smittestoff og parasittar, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.