Historisk arkiv

Tilstandsrapport for norsk forsking

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Kunnskapsdepartementet

Indikatorrapporten til Forskingsrådet

Norge er eitt av svært få land som har klart å oppretthalda vekst i offentlege løyvingar til forsking og utviklingsarbeid dei siste ti åra. Det stadfestar ein ny rapport om norsk forsking.

– Det at vi investerer medan mange andre kuttar i forskingsløyvingane,  kan gi oss ein konkurransefordel. Kunnskap blir stadig viktigare for konkurranseevne og verdiskaping i næringslivet, og i omstillinga til eit klimavennleg samfunn, seier statssekretær Bjørn Haugstad i Kunnskapsdepartementet.

Tal frå Indikatorrapporten til Forskingsrådet, viser at dei norske forskingsinvesteringane har gått opp dei siste åra, samstundes med at mange andre land har kutta i dei offentlege forskingsbudsjetta.

Rett etter finanskrisa var det mange land som auka dei offentlege løyvingane til forsking og utvikling for å motverke nedgang i private investeringar. Deretter har mange av landa måtta finna fram sparekniven og kutta i dei offentlege forskingsbudsjetta, medan Noreg kvart år har auka FoU-investeringane.

-Nettopp i usikre tider er det viktig å satse på forsking og utvikling, understrekar Haugstad. Noreg har også greidd seg bra økonomisk i denne perioden, så vi har høve til å satsa på FoU.  -Der vi ikkje kan bli billegast, må vi bli best, understrekar statssekretæren.

Samla norsk innsats til forsking og utvikling utgjer 1,65 prosent av bruttonasjonalproduktet (BNP).

Noreg ligg under gjennomsnittet for Norden og OECD-landa. Delen av sysselsette som jobbar med FoU er over gjennomsnittet for OECD-landa.

Nokre andre sentrale funn frå rapporten:

  • Delen av befolkninga/folkesetnaden med høgre utdanning er høgre enn gjennomsnittet av både OECD- og EU-landa, det same er delen av forskarar i Noreg. Sistnemnde er i tillegg stigande.
  • I 2014 var det for første gong fleire kvinner enn menn som avla doktorgrad. Det totale talet på avlagde doktorgrader ligg stabilt på omtrent 1500 i året. Kvinner er også i fleirtal blant stipendiatane.
  • Norsk forsking blir sitert meir enn før, og det er ein høg vekst i den vitskaplege publiseringa i Noreg.
  • Om lag halvparten av norske føretak introduserte ein eller fleire former for innovasjon i treårsperioden 2012–2014. Dette er fullt på høgde med våre nordiske naboar. Det er mest innovasjon i dei store, internasjonale industriselskapa. Dei som ikkje har hatt innovasjonsaktivitet i perioden, oppgir som viktigaste grunn at dei ikkje har sett behov for innovasjonar.
  • Av dei spesifiserte temaområda i FoU-statistikken er helse det største, mens vi finn den største veksten frå 2011 til 2013 innan petroleumsforskinga.
  • Norsk miljø- og energiforsking er sterkt spesialisert og har høgt internasjonalt gjennomslag. Forsking og utvikling innan fornybar energi går ned, spesielt i næringslivet. Der er det er nesten halvert sidan 2009.

Meir på nettsidene til Forskingsrådet