Ny industri i nord

Utanriksdepartementet har løyvd fem millionar kroner til prosjektet "Ny industri i nord" i regi av Sintef Nord. I prosjektet skal næringslivet og offentlege aktørar samarbeide om å legge grunnlag for industrielle etableringar. - Styrka samarbeid mellom næringar skal gi auka regional konkurransekraft og bidra til at meir råvarer kan foredlast i nord, seier utanriksminister Børge Brende.

Prosjektet skal legge til rette for industrielle etableringar i nord basert på næringar som mineralar, fiskeri og havbruk og olje og gass. Aktørar frå desse næringane skal samarbeide med lokal og regional forvaltning, kraftnæringa, finansnæringa og aktørar innan transport og logistikk. Prosjektet tek utgangspunkt i ressursane som finst i nordområda og skal mellom anna analysere marknader og aktuelle berekraftige industrielle prosessar og teknologiar.

Prosjektpartnarane skal mellom anna visa korleis samarbeid mellom ulike næringsaktørar og best mogleg lokalisering av industrielle klynger vil skapa eit betre grunnlag for auka lokal verdiskaping. Dei skal òg vurdere betre løysingar for transport, logistikk og infrastruktur, og miljø- og samfunnseffektene ved etablering av ny industri.  

Utanriksdepartementet stør prosjektet i to år med fem millionar kroner. I tillegg kjem bidrag frå både næringslivet og det offentlege. «Ny industri i nord» byggjer vidare på kunnskapen frå til dømes prosjektet «Kunnskapsinnhenting – verdiskapning i nord» og skal visa korleis verdiskapinga kan realiserast.

Les meir om prosjektet på heimesidene til Sintef.