Historisk arkiv

Industri og miljø – utfordringar framover

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Opningsinnlegg på Miljøforum 18. september 2018.

Kjære alle saman!

  • Tusen takk for invitasjonen til å få halde opningsinnlegget her på Miljøforum - som i år blir held for tiande gang. Gratulerer med jubileet!
  • Dette har vore eit viktig forum gjennom mange år for å diskutere utfordringar knytt til industri og miljø.
  • Norsk industri har gjort store framsteg for å få ned forureininga. Industrien har vore ein konstruktiv bidragsytar for å utvikle miljøvennlege løysningar.
  • Men vi kan ikkje kvile på laurbæra. Det eg skal snakke om i dag – er utfordringane framover.
  • Denne regjeringa er oppteken av grøn konkurransekraft. For å få dette til, er dialog med industrien avgjerande.
  • Og sirkulær økonomi er heilt sentralt. Det vil seie ein økonomi med meir ombruk av ressursane.
  • Sirkulær økonomi er litt av eit kinderegg. Å få ned klimagassutsleppa, ta vare på verdifulle råvarer, og samstundes redusere mengda avfall – dette er tre viktige politiske mål på ei gong.
  • Her ligg mange nye og grøne moglegheiter. Industrien er god til å sjå moglegheiter. Moglegheitene som ligg i å satse på låge utslepp og ressurseffektive og miljøvennlege løysingar. Det gjer ein statssekretær i klima- og miljødepartementet glad!

Grøn konkurransekraft

  • Noreg skal redusere klimagassutsleppa med minst 40 prosent innan 2030. Samstundes skal vi skape nye arbeidsplasser. Vi skal bli eit lågutsleppssamfunn, men ikkje eit låginntektsamfunn.
  • Regjeringa la fram strategien for grøn konkurransekraft i desember i fjor. Strategien skal bidra til å gje forutseielege rammer for den grøne omstillinga i Noreg.
  • Framover blir det avgjerande at industrien lykkast med grøn konkurransekraft. Grøn og miljøvennleg produksjon gjev konkurransefortrinn. Både nasjonalt og internasjonalt.
  • Det har mange norske bedrifter forstått. I arbeidet med strategien, leverte fleire bransjar og næringar såkalla eigne "vegkart" til ekspertutvalet for grøn konkurransekraft. Fleire av desse er prega av ein sirkulær økonomi-tenking.
  • Vegkartet frå prosessindustrien og avfallsbransjen er dømer på dette. Til dømes sett avfalls- og gjenvinningsbransjen ein visjon i vegkartet om å bli ein katalysator for overgangen til en sirkulær økonomi.
  • Dei skal gå frå å primært hente og handtere avfall - til å bli produsent, distributør og seljar av resirkulerte råvarer, drivstoff og brensel.
  • Regjeringa ynskjer tett dialog med næringslivet for å skape lønnsame, grøne arbeidsplassar. Vi er difor opptekne av å halde fram den dialogen som industrien inviterer til i vegkarta, og dette er noko eg ser fram til.

Sirkulær økonomi

  • I ei verd der presset på naturressursane våre aukar, er det avgjerande at vi bruker og ombruker ressursane meir effektivt. Å utnytte ressursar effektivt er kjernen i god økonomi.
  • Sirkulær økonomi betyr eit utvida syn på kva som er ressursar, korleis dei kan nyttast mest mogleg effektivt – og korleis dei kan nyttast om att.
  • I Jeløya-plattforma har regjeringa ein ambisjon om at Noreg skal være eit føregangsland for sirkulær økonomi. Stortinget har også bedt om ein nasjonal strategi for sirkulær økonomi, då stortingsmeldinga om avfall og sirkulær økonomi vart behandla.
  • Kjernen i regjeringas politikk for sirkulær økonomi i dag finst i stortingsmeldinga. Meldinga fremmer ei rekke nye tiltak. Sentralt er førebygging av avfall, økt ombruk og materialgjenvinning av avfall. Den inneheld også ein heilt ny plaststrategi.
  • Omlegginga til ein sirkulær økonomi fordrar fundamentale endringar i korleis vi produserer og forbruker – frå korleis produkt vert designa, til deleøkonomi, meir bruk av tenester framfor produkt, reparasjon, ombruk og resirkulering. Sirkulær økonomi er altså veldig mykje vidare enn avfallsgjenvinning.
  • Eit sentralt tiltak er utsortering og material­gjenvinning av plast og matavfall frå hushald og deler av næringslivet. Dette er no til utgreiing i Miljødirektoratet. Krava er ambisiøse og vil vere krevjande å nå i tide (2020).
  • Her ligg det også forretningsmoglegheiter for næringslivet til utvikling av nye produkt som eg håper dokker vil plukke opp.
  • EU er ei viktig drivkraft på dette feltet. EUs sirkulær økonomi-pakke gjev oss masse nye idear og moglegheiter, og det vert stadig utvikla ny politikk. EUs visjonar gjev moglegheiter for norske bedrifter som kan tilby nye smarte, grøne løysingar og teknologi som aukar ressurseffektiviteten.
  • Det er heller ingen tvil om at klimagassutsleppa går ned viss vi utnytter ressursane betre. Sagt på eit anna vis: Skal vi klare å ha økonomisk vekst utan å overbelaste jordas ressursar og klima, må vi bruke ressursane betre.
  • Her kan nye forretningsmodellar gje reduserte klimagassutslepp. Ombruk er blitt ein trend, og det er blitt mykje enklare no som det finst ein app for alt. Schibsted har til dømes berekna at ombruken som skjer gjennom finn.no og deira plattformer i andre land gjev klimakutt på heile 12,5 millionar tonn CO2 per år.
  • Eit anna døme på sirkulær økonomi finn vi hos bedrifta Norsk Ombruk i Vestfold. Det er ein far- og son-bedrift som har spesialisert seg på å reparere og sette i stand att kjøleskap, komfyrar, vaskemaskiner og oppvaskmaskiner. Let det seg ikkje reparere, tek dei ut delar som kan bli brukt om att.
  • Også kva vi tenker på som ressursar, endrar seg over tid. Korleis vi ser på avfall har til dømes endra seg mykje. Avfall inneheld verdifulle ressursar – og mykje av avfallet er blitt ressursar i ein marknad. Vi er på veg mot den visjonen som avfalls- og gjenvinningsbransjen har sett i vegkartet eg nemnde.
  • Aluminium er eit godt døme på vellykka gjenvinning. Dei øl- og brusboksene vi leverer til resirkulering på butikken, kan bli til nye boksar og bli brukt om att. Rundt 75 prosent av all aluminium som nokon gang er produsert er framleis i bruk. Delar av det har vore gjennom tallause kretsløp.
  • Med den energien som trengst for å lage aluminium til ein boks, kan vi lage 20 resirkulerte boksar. Dette er god økonomi og bra for kloden.

Avslutning

  • Det finns mange gode døme på nytenking, endringsvilje og innovasjon hos norsk industri. Dokker har vore gode på å omstille dykk, enten initiativet har kome frå industrien sjølv eller som ei følgje av strengare krav frå forureiningsmyndigheitene.
  • Eit døme i den samanheng finn vi hos Celsa Armeringsstål AS i Mo i Rana. Då Miljøforum var heilt i startfasen gjorde dei store endringar for å minske utsleppa av kvikksølv. Eit nytt reinseanlegg førte til at utleppa av kvikksølv gikk ned frå 83 kilo 2008 til 16 kilo i 2009.
  • Og over dei siste åra har ei rekke bedrifter også redusert utslippene til luft. Klimagassutsleppa frå norsk industri gjekk ned med 39 prosent frå 1990 til 2015. Dei viktigaste årsakene til nedgangen er tekniske tiltak som har redusert utsleppa.
  • Dette viser at norsk industri har ei stor evne til å endre seg når det trengst. Denne evna til omstilling er deira viktigaste konkurransefortrinn i arbeidet mot ein grøn og meir sirkulær økonomi.
  • Da står det berre att for meg å ynskje lykke til med seminaret – og ynskje om fortsatt god dialog og samhandling!

 

  • Takk for meg!