Historisk arkiv

Industrihistoria blir styrkt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Regjeringa løyver ti millionar kroner meir neste år til nye tiltak for ti utvalde tekniske og industrielle kulturminne.

Regjeringa løyver ti millionar kroner meir neste år til nye tiltak for ti utvalde tekniske og industrielle kulturminne. 

Les mer om miljøvernbudsjettet 2009

- Dei tekniske og industrielle kulturminna viser historia om den industrielle revolusjonen i Noreg og har stor allmenn interesse. Vi må styrkje denne delen av kulturhistoria. Budsjettauken bidrar til at vi kan setje desse viktige kulturminna raskare i stand, seier miljø- og utviklingsminister Erik Solheim.

Neptun Sildoljefabrikk er eit av steda som får støtte til å setjas i stand. Foto: Miljøverndepartementet.
Neptun Sildoljefabrikk er eit av steda som får støtte til å setjas i stand. Foto: Miljøverndepartementet.

Pengane skal gå til å setje i stand ti utvalde tekniske og industrielle kulturminne, og til å sikre forvaltning, drift og vedlikehald. Ved å ta vare på slike kulturminne kan vi føre vidare kunnskap om arbeidsprosessar, teknologi og sosialhistorie. Tre anlegg peikar seg ut for ekstra innsats i 2009. Det er Kistefos-Museet i Jevnaker, Neptun Sildoljefabrikk/Norsk fiskeriindustrimuseum i Melbu og Nes Jernverksmuseum i Tvedestrand. Det er Riksantikvaren som fordeler midlane.