Presseinformasjon

Frist for akkreditering til generalforsamlinga i FN

Media som skal dekke FN si 72. generalforsamling hausten 2017 må ha FN-akkreditering. Frist: 5. september.

Opninga av FN si 72. generalforsamling vert markert med ei veke med toppmøte, frå måndag 18. september til fredag 22. september. Frå Noreg deltek etter planen statsminister Erna Solberg, utanriksminister Børge Brende og klima- og miljøminister Vidar Helgesen.

Media som ønskjer å dekke det som skjer i FN desse dagane må søkje akkreditering frå FN seinast tysdag 5. september. Meir informasjon om dette finn du på FN sine nettsider.

Alle må:

Akkrediteringa skjer i regi av FN sin Media Accreditation and Liaison Unit (Malu). Etter at akkrediteringa er henta ved personleg oppmøte, er presseinngangen på 1. Avenue og 47. Street.

Pressekontaktar:
For statsministeren: Kommunikasjonssjef Trude Måseide, mobil 957 26 510.
For utanriksministeren: Kommunikasjonssjef Frode Andersen, mobil 917 22 022
For klima- og miljøministeren: Kommunikasjonssjef Jon Berg, mobil 905 69 495.
FN-delegasjonen i New York: Presseråd Ragnhild H. Simenstad, mobil +1 646 642 9910