Presseinformasjon

Michel Barnier til Noreg 25. januar

Onsdag 25. januar kjem EU-kommisjonens sjefsforhandlar til Noreg for møte med statsminister Erna Solberg og fleire norske statsrådar.

EØS- og EU-minister Frank Bakke-Jensen er vert for Barnier under vitjinga hans i Oslo. Det vert eit kort pressemøte med Barnier og Bakke-Jensen etter lunsjen hos statsminister Solberg.

Program for dagen:

09.30: Michel Barnier møter EØS- og EU-minister Frank Bakke-Jensen. Stad: Utanriksdepartementet

10.00: Møte med utanriksminister Børge Brende. Stad: Utanriksdepartementet

11.30: Arbeidslunsj med statsminister Erna Solberg og EØS- og EU-minister Bakke Jensen. Stad: Glaciesgata 1

Det vil vere mogleg å fotografere ved starten av møtet. Oppmøte for fotografar i Glacisgata 1 seinast kl. 10.45. Ta med pressekort og gyldig id.

Kort tilgjengelegheit for presse etter møtet, om lag kl. 12.35. Oppmøte for pressefolk seinast kl. 12.15.

13.00: Møte med finansminister Siv Jensen

Pressekontakt UD: Ane Haavardsdatter Lunde, ane.lunde@mfa.no, 976 71 250
Pressekontakt SMK: Trude Måseide, trude.maseide@smk.dep.no, 957 26 510
Pressekontakt Finansdepartementet: Tor Audun Gram tag@fin.dep.no, 906 32 854