Historisk arkiv

Presseinformasjon

Utviklingsminister Astrup til utviklingskonferanse i Bergen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Utviklingsminister Nikolai Astrup reiser til Bergen 9. februar for å delta på Berekraftskonferansen 2018 - Kunnskap for vår felles framtid.

- FNs berekraftsmål samlar verda til felles innsats for å utrydde fattigdom innan 2030. Oppfølginga av berekraftsmåla er avhengig av nye og innovative partnerskap. Eit tettare samarbeid med universitets- og høgskulesektoren vil styrke vår evne til å realisere måla, både i Noreg og internasjonalt, seier utviklingsminister Nikolai Astrup.

Universitetet i Bergen arrangerer 8.-9. februar ein internasjonal konferanse om rolla til universitets- og høgskulesektoren i oppfølginga av berekraftsmåla. Konferansen samlar over tre hundre deltakarar. Utviklingsministeren held innlegg på konferansen. Han møter også universitetsleiinga, og akademikarar og forskarar frå sør.

Pressekontakt: Kristin Enstad (med på reisa), telefon: 482 68 835, e-post: kristin.enstad@mfa.no