Presseinformasjon

Statsråd Vidar Helgesen til Brussel 17. november

EØS/EU-minister Vidar Helgesen er 17. november i Brussel i samband med det halvårlege møtet i EØS-rådet og for å delta i den politiske dialogen med EU.

Møtet i EØS-rådet og den påfølgande orienteringsdebatten føregår i Rådet på føremiddagen. Det blir høve til å fotografere ved møtestart kl. 11.30, og Helgesen vil vere tilgjengeleg for intervju om lag kl. 14.30 i Vip-utgangen i Rådsbygget.

På ettermiddagen møter EØS-/Efta-ministrane den konsultative komité og parlamentarikarkomitéen i Efta, i Efta-sekretariatet.

Tysdag 17. november
11.30 – 13.00: Møte i EØS-Rådet og påfølgjande diskusjon, med tema: The Internal Market Strategy for Goods and Services. Arbeidsminister Nicolas Schmit frå Luxembourg, som har formannskapet i Rådet, fører ordet frå EU-sida. Stad: Justus Lipsius.

13.00 – 14.30: Lunsj med politisk dialog. Stad: Justus Lipsius.

14.30: Møte med pressa. Stad: Vip-utgangen, Justus Lipsius.

15.30 – 17.00: EØS-/Efta-ministrane møter den konsultative komitéen og parlamentarikarkomitéen i Efta. Tema: Orientering om EØS-rådsmøtet. Stad: Efta-sekretariatet, rue Joseph II 12-16.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgjevar Rune Bjåstad, telefon 957 85 536