Historisk arkiv

Presseinformasjon

Utanriksminister Brende i Davos 20.-23. januar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Utanriksminister Børge Brende er i Davos frå onsdag 20. januar til og med laurdag 23. januar. Her skal han delta på årets World Economic Forum og ha ei rekkje bilaterale samtalar. Laurdag deltar han på møte om WTO.

- Med vår opne økonomi, er Noreg meir avhengig av den globale økonomiske utviklinga enn dei fleste land. WEF er ein møteplass for å diskutere internasjonal politikk, og det er viktig å vere med i dialogen om globale, politiske problemstillingar, seier utanriksminister Børge Brende.

- I år er flyktningar, energi, klima og miljø sentrale punkt på programmet i Davos. Terrorisme og tryggleik er nært knytt til politiske og økonomiske kriser, som også fører til store humanitære problem. Norge deltar aktivt for å finne løysingar på desse konfliktene, understrekar Brende.

Utdrag frå programmet til utanriksministeren.

(Alt føregår i kongressenteret, med mindre det står noko anna i programmet.)

Onsdag 20. januar

Kl. 09.00

Møte med presidenten i Tatarstan, Rustam N. Minnikhanov.

Kl. 10.30

Møte med presidenten for ICRC, Peter Maurer.

Kl. 12.30

Møte med utanriksministeren i Argentina, Susana Malcorra.

Kl. 15.00

Møte med Jean-Marie Guéhenno, International Crisis Group.

Kl. 16.15-16.45

Møte med Helen Clark, UNDP.

Kl. 17.00-17.30

Møte med David Yakobashvili.

Kl. 18.30

Møte med norsk presse, saman med statsminister Erna Solberg. Stad: Hotel Meierhof.

Torsdag 21. januar

Kl. 08.30

Møte med Klaus Schwab, styreformann og grunnleggjar av WEF, saman med statsminister Erna Solberg.

Kl. 10.30-11.30

Brende leiar ein høgnivå panel-diskusjonen om Syria. Målet er både å drøfte diplomatiske og politiske verkemiddel i høve til den humanitære krisa og korleis den blodige konflikta kan stoppast. Diskusjonane vil også spele inn til den komande gjevarkonferansen om Syria i London i februar, der Noreg er med-arrangør.

Kl. 11.45-12.15

Møte med generalsekretær i FN, Ban Ki-moon, saman med statsminister Erna Solberg.

Kl. 12.20-13.00

Brende deltar i WEF-møtet «New Mechanisms for Vaccine Innovation».

Kl. 13.15-13.30

Møte med Paolo Gentiloni, den italienske utanriksministeren.

Kl. 13.30-14.00

Møte med utanriksminister Javad Zarif, Iran.

Kl. 14.45-15.00

Møte med sentralbanksjef Haruhiko Kuroda, Japan.

Kl. 15.00-15.30

Pressekonferanse: Korleis kan vi gje ein million syriske flyktningeborn tilgang til utdanning? Her deltar Brende saman med FN sin spesialutsending for global utdanning, Gordon Brown, EU-kommissær Johannes Hahn med fleire. Stad: Media Village, Press Conference Room.

Kl. 15.30-16.00

Møte med sentralbanksjef Augustin Carstens, Mexico.

Kl. 16.00-16.20

Møte med Sør-Afrika sin finansminister, Pravin Gordhan.

Kl. 16.30-18.00

Brende deltar i WEF-diskusjonen «Stabilizing the Middle East».

Kl. 18.00-18.30

Møte med Arif Naqvi, Abraaj Group.

Kl. 18.30-19.00

Møte statsminister Lunden Purevsuren, Mongolia.

Kl. 20.30-21.00

Møte med visestatsminister Jurij Trutnev, Russland.

Fredag 22. januar

Kl. 09.00-10.30

Brende deltar i WEF-diskusjonen «Responding to the Humanitarian Crisis».

Kl. 11-11.15

Signering av oppdatering av frihandelsavtalen mellom Efta og Mexico (av 2001). Her vil også den sveitsiske presidenten og presidenten frå Mexico vere til stades. Stad: Casa Brusio.

Kl. 12.15-13.45

Brende deltar i WEF-diskusjonen «Imperatives for 2016».

Kl. 14.00-14.30

Møte med finansminister Ravi Karunanayake, Sri Lanka.

Kl. 16.45

Møte med prins Albert av Monaco.

Kl. 17.00

Møte med kabinettsjef for Dei sameinte arabiske emirata, Mohammed Abdullah al Gergawi.

Laurdag 23. januar

Kl. 07.30

Frukostmøte om Tisa, i regi av den amerikanske handelsrepresentanten. Stad: Hotel Morosani.

Kl. 10.00-14.15

Uformelt ministermøte om WTO

Kl. 14.30

Møte med Luis Alberto Moreno, IDB

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Rune Bjåstad, 957 85 536.