Historisk arkiv

Presseinformasjon

Statssekretær Jakobsen deltek på det årlege møtet til FN om finansiering av berekraftsmåla

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Statssekretær Aksel Jakobsen deltek på Finansiering for utvikling forum i New York 14.-16. april. I tillegg til å delta på forumet vil Jakobsen ha ei rekkje møte med leiarar av FN-organisasjonar som er viktige for Noreg.

- Verda er på ingen måte i rute med å skaffe dei pengane som er naudsynte for å nå berekraftsmåla. Det trengst eit heilt anna tempo i arbeidet for å auke skatteinntektene, auke investeringane og avgrense korrupsjon og ulovleg kapitalflyt. Forumet vil handle om korleis vi får til dette temposkiftet, seier statssekretær Jakobsen.

Det årlege møtet om finansiering for utvikling er den viktigaste møteplassen i FN for å diskutere utfordringane med å skaffe dei pengane som trengst for å nå berekraftsmåla.

Dei norske prioriteringane i dette arbeidet er mellom anna å medverke til å auke skatteinntektene for utviklingsland, hindre ny gjeldskrise, medverke til at fleire kvinner deltek i arbeidslivet og leggje betre til rette for investeringar i utviklingsland.

Jakobsen vil mellom anna halde innlegg om kva risikoar verdsøkonomien står overfor i dei nærmaste åra, og om korleis Det grøne klimafondet i større grad kan medverke til ei grøn utvikling i dei fattigaste landa. I tillegg vil Jakobsen møte leiarar av UNDP og Unicef, og ha samtalar med FN-leiarar om FN-reform.

Pressekontakt: UDs pressevakt, tlf: 23 95 00 02