Presseinformasjon

Utanriksministeren til hovudsesjonen i FNs menneskerettsråd

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide representerer Noreg under opninga av hovudsesjon i FNs menneskerettsråd i Genève 26. februar. Statssekretær Audun Halvorsen deltek 27. februar.

Utanriksminister Eriksen Søreide skal halde det norske hovudinnlegget. Ho skal også mellom anna ha møte med FNs høgkommissær for menneskerettar, Zeid Ra'ad Al-Hussein, FNs høgkommissær for flyktningar, Filippo Grandi, presidenten for Den internasjonale Raude Kross-komiteen, Peter Maurer, og FNs spesialutsending for Syria, Staffan de Mistura.

- Noreg har lang tradisjon i å støtte FNs arbeid med menneskerettar. Ein sentral utfordring i verda i dag, er at det mange stader er eit stort avvik mellom vedtekne, internasjonale normer og konvensjonar, og røynda på bakken. Det er difor viktig at også andre land styrker innsatsen for menneskerettane. Viktige tema for Noreg, er mellom anna ytringsfridom og vern av forsvararar for menneskerettar, seier utanriksminister Eriksen Søreide.

Statssekretær Audun Halvorsen skal ha møte med ei rekke menneskerettsorganisasjonar, FN-organisasjonar og representantar frå andre land.

Noreg har gjennom fleire år vore blant dei største gjevarane til FNs høgkommissær for menneskerettar (OHCHR). 2018 markerer 70 år sidan FNs medlemsland vedtok Verdserklæringa for menneskerettane.

Pressekontakt: Guri Solberg, mob 92219 769 (med på reisa)

Til toppen