Historisk arkiv

Presseinformasjon

EØS/EU-minister Aspaker besøkjer Hellas 23.-26. februar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

I neste veke reiser EØS/EU-minister Elisabeth Aspaker til Hellas for å ha politiske samtalar med den greske regjeringa, og for å besøke Lesvos.

Tema for turen er i hovudsak migrasjon og EØS-midlane. Føremålet er mellom anna å gje innblikk i gresk migrasjonspolitikk og Schengen-samarbeidet i ein kritisk fase, samt behov for ekstern bistand. Når det gjeld EØS-midlane, vil Noreg den komande perioden (2014-2021) stille 120 millionar euro til rådvelde for Hellas. Prioritering av migrasjons- og asylområdet vil vere sentralt frå norsk side. Hellas sin økonomiske situasjon vil også vere tema for samtalane.

Tysdag 23. februar
Avreise frå Oslo tysdag morgon, ankomst i Aten på ettermiddagen.

Onsdag 24. februar
Dagen startar med eit frukostmøte om EØS-midlane med greske samarbeidspartnarar. Her deltek mellom andre Giorgos Kaminis, ordførar i Aten, og Anastasia Panopoulou, leiar for National Focal Point i økonomidepartementet.

Kl. 11 møter Aspaker viseminister for EU-saker, Nikos Xydakis og viseminister for migrasjonspolitikk, Jannis Mouzalas. Etter møtet vil dei to ministrane vere tilgjengelege for pressa. Stad: Det greske utanriksdepartementet, Vas. Sophias 1.

Kl. 13 har Aspaker arbeidslunsj med visestatsminister Jannis Dragasakis. Stad: Hotel Grande Bretagne.

Kl. 16 møter Aspaker minister for økonomi, utvikling og turisme, Giorgos Stathakis. Stad: Det greske økonomidepartementet, 5-7 Nikis.

Om kvelden har Aspaker middag med den greske sentralbanksjefen, Yannis Stournaras.

Torsdag 25. februar
Dagen startar med eit frukostmøte med representantar for det greske migrasjonsapparatet og representantar for IOM og UNHCR.

Kl. 13.05 er det avreise til Lesvos.

På øya Lesvos vil Aspaker besøkje teltleiren i Kara Tepe og mottakssenteret i Moria. Ho vil også besøkje RS «Peter Henry von Koss». Aspaker møter også den regionale guvernøren og ordføraren på øya, samt kommandøren for den greske kystvakta.

(Under besøkjet på Lesvos vil pressa kunne vere med på feltbesøka, men ikkje på møter med representantar for greske styresmakter.)

Kl. 20.50 er det avreise til Aten.

Fredag 26. februar
Dagen startar med eit frukostmøte med greske næringslivsaktørar, med mellom anna styreleiar i Enterprise Greece og direktør for Hellas og Kypros i EBRD, den europeiske banken for gjenoppbygging og utvikling. Stad: Hotel King George.

Kl. 10-11.30 besøkjer Aspaker eit mottakssenter for einslege, mindreårige asylsøkarar i Aten, «Stegi+», som er finansiert av EØS-midlane.
Stad: Skiathou 89, Patissia (Aten).

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Rune Bjåstad, 957 85 536.