Historisk arkiv

Presseinformasjon

Statssekretær Hagen vitjar Jakarta 28. mai

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

I Jakarta skal statssekretær Marianne Hagen halde eit innlegg under det årlege møtet mellom Noreg og organisasjonen for østasiatiske nasjonar (Asean), måndag 28. mai. I tillegg skal ho møte Aseans generalsekretær Dato Lim Jock Hoi og indonesiske ministrar.

Bakgrunnen for møtet mellom Noreg og Asean er partnarskapet som Noreg inngjekk med Asean i 2015.

- Asean er heimen til nærare 640 millionar menneske, ein økonomisk vekstmotor og eit geopolitisk sentrum. Partnarskapet med Asean gir Noreg ei unik moglegheit til å styrke forholdet mellom Noreg og Søraust-Asia, og diskutere korleis ein kan utvikle eit tettare samarbeid, seier statssekretær Hagen.

Møtet gir statssekretæren høve til å diskutere status for partnarskapet mellom Noreg og Asean, få ei oppdatering på den siste utviklinga i regionen og diskutere eksisterande og nye samarbeidsprosjekt med organisasjonens medlemsland.

Under besøket til Jakarta vil statssekretær Hagen også møte indonesiske styresmakter. Indonesia er verdas fjerde mest folkerike land og landet med den største muslimske befolkninga. Som del av Efta forhandlar Noreg og Indonesia om ei økonomisk partnarskapsavtale, og Indonesia er ein viktig samarbeidspartnar innanfor klima og bevaring av regnskogen. Indonesia er også, som Noreg, ein stor havstat og er ein god partnar i globale spørsmål.

- Det bilaterale forholdet mellom Noreg og Indonesia er godt. Eg ser fram til å ta dialogen vår om hav, næringsliv og globale spørsmål eit steg vidare under besøket mitt i Jakarta, seier statssekretær Hagen.

Pressekontakt: Pressevakta UD, telefon 23 95 00 02, e-post: media@mfa.no.