Historisk arkiv

Presseinformasjon

Utanriksminister Børge Brende til Japan

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Utanriksminister Børge Brende vitjar Japan frå 16. til 19. oktober. Japan er ein sentral global aktør, verdas tredje største økonomi og ein viktig handelspartnar for Noreg. Næringslivssamarbeid, sentrale regionale spørsmål, internasjonal handelspolitikk og felles globale utfordringar vil stå på agendaen.

Det er ni år sidan ein norsk utanriksminister vitja Japan. Brende vil mellom anna møte Japans utanriksminister Fumio Kishida, presidenten i den japanske sentralbanken Haruhiko Kuroda og guvernøren i Tokyo, Yuriko Koike.

- Japan er ein svært viktig partnar for Noreg med felles interesser i mange internasjonale spørsmål. Japan er også ein sentral handelspartnar og ein viktig marknad for Noreg. Under besøket vil eg diskutere korleis vi kan vidareutvikle samarbeidet med Japan innan felt som forsking og utdanning, noko som er viktig for den naudsynte omstillinga både Japan og Noreg står midt oppe i, seier utanriksminister Børge Brende.

Brende vil også dra til Hiroshima for å vitje minneparken og møte overlevande etter atombombeåtaket 6. august 1945.

Pressekontakt: Frode Overland Andersen, 917 22 022