Historisk arkiv

Presseinformasjon

Utviklingsminister Astrup til Kenya

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Utviklingsminister Nikolai Astrup er i Nairobi, Kenya 26.-27. november 2018. Formålet med reisa er å delta på den internasjonale havkonferansen om ein berekraftig blå økonomi. Han skal også ha møte med representantar for kenyanske styresmakter.

- Havet vert stadig viktigare for å dekkje behova i verda for energi, mat, medisinar og arbeidsplassar. Havet er nøkkelen til å nå berekraftsmåla, men det krev eit godt havmiljø og berekraftig bruk, seier utviklingsminister Astrup.

Den internasjonale havkonferansen samlar deltakarar frå mange ulike land, og internasjonale og regionale organisasjonar, og vil vere eit viktig bidrag til oppfølginga av den internasjonale havagendaen fram mot FN sin havkonferanse i 2020. Utviklingsministeren skal halde innlegg på opningsseremonien og deltek i ein paneldiskusjon om marin forsøpling. I samband med konferansen skal Astrup også signere ein avtale med Verdsbanken om bidrag til det internasjonale havfondet Problue, som Noreg tok initiativ til å opprette tidlegare i år.

Astrup skal også delta på eit sidearrangement i regi av Den internasjonale sjøfartsorganisasjonen (IMO) som handlar om korleis land kan dra nytte av den blå økonomien i nasjonal politikk for å oppfylle berekraftsmåla. Han skal også delta på eit arrangement i regi av Den afrikanske unionen (AU) og FNs økonomiske kommisjon for Afrika (Uneca) som har eit afrikansk perspektiv på den blå økonomien.

Utviklingsministeren skal også møte den kenyanske utanriksministeren Monica Juma for å diskutere samarbeidet mellom Kenya og Noreg, politiske og økonomiske spørsmål og internasjonalt og regionalt samarbeid. Han møter også Kenyas IKT-minister Joe Mucheru for å diskutere digitalisering i utviklingspolitikken.

Les meir om den internasjonale havkonferansen her.

Pressekontakt: Kristin Enstad (med på reisa), telefon 482 68 835, e-post: kristin.enstad@mfa.no