Presseinformasjon

Statssekretær Røsland til Syria-konferanse i Helsingfors

Statssekretær Marit Berger Røsland deltek 24. januar på konferansen «Supporting Syrians in the Region» i Helsingfors.

På konferansen vert dei humanitære appellane for Syria lansert (Humanitarian Response Plan for 2017 og Regional Refugee and Resilience Plan for 2017-2018).

Statssekretær Røsland skal leie ein tematisk sesjon om utdanning og barn i samarbeid med Unicef sin regionale leiar i Midtausten, Geert Cappelaere. Fleire FN-leiarar deltek på møtet, inkludert FN sin høgkommissær for flyktningar, Filippo Grandi, leiar for FN sitt utviklingsprogram, Helen Clark og leiar for FN sitt kontor for koordinering av humanitær innsats, Stephen O'Brien.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.