Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Presseinformasjon

Utviklingsministeren og landbruksministeren til Malawi

Utviklingsminister Dag-Inge Ulstein og landbruks- og matminister Olaug Bollestad reiser til Malawi 20.-24. januar. Dei to skal ha politiske møte med malawiske statsrådar for å drøfte utviklingsarbeidet, ei berekraftig landbruksutvikling og markere det langvarige bilaterale samarbeidet.

Ulstein og Bollestad skal sjå på korleis ein rettar inn norske bistandsmidlar. Dei skal vitje norske kunnskap- og forskingsinstitusjonar som bidreg i kampen mot svolt og fattigdom, og for betre helse og utdanning. Dei to skal òg ha politiske møte mellom anna med finansministeren, landbruksministeren, helseministeren og utdanningsministeren i landet.

Meir utdjupande presseinformasjon følgjer.

Pressekontakt for utviklingsminister Ulstein: Ane Haavardsdatter Lunde, [email protected], +47 97 67 12 50

Pressekontakt for landbruksminister Bollestad: Kaja Schill Godager, [email protected], +47 46 90 17 50 og +47 9191 98 93

Til toppen