Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Presseinformasjon

Utanriksministeren til Midtausten og Kypros

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide reiser til Saudi-Arabia, Israel, Palestina og Kypros for politiske samtalar.

- Reisa er viktig for å førebu neste møte i gjevarlandsgruppa for Palestina (AHLC), seier utanriksministeren.

Noreg har eit langvarig engasjement for å bidra til ei forhandla to-statsløysing mellom Israel og Palestina, og det er i norsk interesse å bidra til redusert spenning og til at konfliktane i regionen vert løyst politisk. AHLC-møtet finn stad i Brussel 1. april.

- I ei tid med auka uro og spenning i Midtausten er det viktig for meg å ha samtalar med politiske leiarar i regionen, seier Eriksen Søreide.

Tema for møta er den politiske situasjonen i regionen. Utanriksministeren vil legge spesielt vekt på kor viktig det er å styrke arbeidet for ei forhandla to-statsløysing og tiltak som bidrar til auka stabilisering og politiske løysingar i regionen. Dette gjeld særleg for den spente situasjonen i Golfen og konflikten i Jemen. Situasjonen i Syria er også tema.

- Det er viktig og naudsynt å ta opp menneskerettar. Eg vil også diskutere andre viktige prioriteringar i norsk utanrikspolitikk, som styrking av det multilaterale systemet, likestilling og freds- og forsoningsarbeid, seier Ine Eriksen Søreide. 

På Kypros skal utanriksministeren delta på ein konferanse om kvinner i diplomati, i tillegg til å ha politiske samtalar. 

Reisa finn stad 18. til 21. februar.

Pressekontakt for utanriksministeren er kommunikasjonssjef Trude Måseide (med på reisa), tlf. 95 72 65 10 og e-post [email protected]

Til toppen