Presseinformasjon

Utviklingsminister Astrup til Nepal

Utviklingsminister Nikolai Astrup reiser til Nepal 6.–7. mars for politiske samtalar med den nye regjeringa i Nepal og feltbesøk til norskstøtta prosjekt.

– Nepal er i ferd med å sluttføre ein til saman tjueår lang freds- og grunnlovsprosess. Noreg er ein langsiktig partnar for Nepal og vil halde fram vår bistand til grunnutdanning, rein energi og lokalt styresett, seier utviklingsminister Astrup.

Utviklingsministeren vil mellom anna ha politiske samtalar med medlemmar av den nepalske regjeringa, samt opne ein skule som er bygd opp att etter jordskjelva i 2015. Noreg finansierar bygginga av 36 skoler som blei øydelagde i jordskjelva. Statsråden vil også møte FN og norsk næringsliv.

Frå 1996-2006 var det borgarkrig i Nepal. Landet har vore gjennom ein lang overgangsperiode med forhandling av fredsavtale, utvikling av ny grunnlov og overgang frå ein sentral til ein føderal stat. I 2017 heldt Nepal dei første demokratiske vala på lokalt nivå, provinsnivå og føderalt nivå.

Noreg har vore ein langsiktig partnar for Nepal og støttar utvikling i landet med omlag 250 millionar kroner årleg. I tillegg bidreg vi gjennom multilaterale organisasjonar og fond med støtte som i 2016 utgjorde om lag 120 millionar kroner. Noreg gav også 230 millionar kroner i humanitær bistand etter jordskjelva som ramma Nepal i april og mai 2015.

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgivar Siri R. Svendsen, mobil +47 976 87 801, siri.svendsen@mfa.no