Presseinformasjon

Utviklingsminister Astrup til New York og Washington, D.C.

Utviklingsminister Nikolai Astrup reiser til USA 27.-28. februar for møte i FN og Verdsbanken.

I New York 27. februar er han til stades under opninga av eit møte i FNs økonomiske og sosiale råd (Ecosoc). Reform av måten FN jobbar med utviklingsspørsmål på er eit viktig tema for møtet. I New York vil Astrup mellom anna møte visegeneralsekretær i FN, Amina Mohammed og leiaren i FNs utviklingsprogram (UNDP), Achim Steiner.

- FN og Verdsbanken står sentralt i norsk utviklingspolitikk både som politisk arena og som kanal for prosjekt i utviklingsland. Til saman går over 40 prosent av norsk bistand gjennom FN og Verdsbanken, seier utviklingsminister Nikolai Astrup.

- For Noreg er eit effektivt FN viktig og vi støtter difor generalsekretær Guterres sitt arbeid for reform av FN-systemet. I New York vil reform av FNs arbeid med utviklingsspørsmål vere eit sentralt tema i møta mine, seier utviklingsministeren.

I Washington, D.C. 28. februar møter han mellom anna leiinga i Verdsbanken inkludert president Dr. Jim Kim. Han skal også møte representantar for ulike tenkesmier knytt til utviklingsspørsmål. Astrup vil også møte representantar for amerikanske styresmakter og medlemar av Kongressen.

Pressekontakt: Frode Overland Andersen, telefon 917 22 022, e-post: frode.overland.andersen@mfa.no

Til toppen