Historisk arkiv

Presseinformasjon

Statssekretær Bokhari vitjar Nigeria

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Statssekretær Laila Bokhari vitjar Nigeria 24.- 26. september 2017. Hovudformålet med reisa er å delta på ein konferanse om kvinner, fred og tryggleik. Konferansen er eit samarbeid mellom Nigeria, Noreg, UN Women og Unicef.

– Nigeria er eit satsingsland for norsk arbeid med kvinner, fred og tryggleik. Konferansen er viktig med sitt fokus på korleis nasjonale styresmakter, FN og sivilt samfunn kan samarbeide best mogleg for å fremje kvinners deltaking og påverknad i fred og forsoningsarbeid, seier statssekretær Laila Bokhari.

Statssekretær Bokari vil ha ei rekkje møter med nigerianske styresmakter og representantar for sivilt samfunn under besøket. Statssekretæren vil også opne Statoil sitt nye kontor i landet.

Regjeringa har dei siste åra styrka det bilaterale samarbeidet med Nigeria. Noreg samarbeidde med Nigeria om den humanitære konferansen for det nordaustlege Nigeria og området kring Tsjadsjøen i februar 2017, og gir støtte til utdanning i krise og konflikt i Boko Haram-ramma område. I tillegg er det samarbeid om helse, og eit styrka næringslivssamarbeid.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.