Presseinformasjon

Statssekretær Halvorsen til Stockholm 13.-14. mars

Statssekretær Audun Halvorsen deltek på nordisk (N5) og nordisk-baltisk (NB8) statssekretærmøte i Stockholm 13. og 14. mars.

På agendaen for møta står mellom anna den tryggingspolitiske situasjonen i nærområda, samarbeidet i FN, utviklinga i Østersjøregionen og nordområda.

- Det regionale samarbeidet med Norden og Baltikum er nært og viktig for Noreg. Dei regelmessige møta i kretsen gjer at vi lett kan identifisere felles interesser og støtte kvarandre på ulike område innafor utanriks- og tryggingspolitikk, seier statssekretær Halvorsen.

Medan han er i Stockholm vil Halvorsen òg ha bilaterale møte med kabinettsekretær i utanriksdepartementet Annika Söder, og statssekretær i forsvarsdepartementet Jan Salestrand.

Pressekontakt: Pressevakta i UD, 23 95 00 02.

Til toppen