Historisk arkiv

Presseinformasjon

FNs generalsekretær António Guterres til Noreg og Oslo Forum

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide er vertskap når leiarar frå heile verda er samla til det årlege Oslo Forum på Losby gods 19. og 20. juni. FNs generalsekretær António Guterres deltek på forumet i år. Etter deltakinga på Oslo Forum har Guterres audiens på Slottet og eige program med statsminister Erna Solberg.

Blant dei andre gjestane er statsminister Hassan Ali Khayre frå Somalia, fredsminister Jesus Dureza frå Filippinane, USAs spesialutsending i kampen mot Isil, Brett McGurk, FNs spesialutsending til Syria, Staffan de Mistura og FNs spesialutsending til konflikten i Jemen, Martin Griffiths. I tillegg kjem utanriksministrane frå mellom anna Algerie, Jordan, Oman og Tanzania.

Forumet har etablert seg som ein av dei fremste møteplassane i verda for tilretteleggjarar, fredsmeklarar, toppolitikarar og andre aktørar frå fredsprosessar og konfliktløysing. I år kjem over hundre forskarar, fredsmeklarar og politikarar med røynsler frå ulike freds- og forsoningsprosessar.

- Freds- og forsoningsarbeidet er ein sentral del av norsk utanrikspolitikk, og får også ei stadig klarare tryggingspolitisk grunngjeving. Vi lever i ei verd som vert stadig meir utrygg ved at det oppstår nye trugsmål og nye maktkonstellasjonar. Den globale tryggleiken, økonomien og velferda kan bli utfordra. Å arbeide for ei fredeleg løysing av konfliktar saman med FN er å sikre desse interessene, seier utanriksminister Ine Eriksen Søreide.

- Det er svært positivt at António Guterres har takka ja til å delta på årets Oslo Forum. Eg ser fram til diskusjonar med han og andre deltakarar om korleis vi kan effektivisere fredsarbeidet og tilpasse det til dei konfliktane vi har i dag, seier utanriksministren.

Temaet i år er «The End of the Big Peace? Opportunities for Mediation». Bakgrunnen er at konfliktbildet i verda har endra seg. I fredsforhandlingane med Farc i Colombia hadde vi til dømes å gjere med to partar, medan dei viktigaste konfliktane i dag har eit meir komplekst aktørbilde. Militsar, terrorgrupper, porøse grenser og svake statsstrukturar er komponentar som kompliserer dagens konfliktbilde. Konfliktar spreier seg på tvers av landegrensene og er i stadig større grad å rekne som krigar førte på vegner av andre. Dette gjer at konfliktane vert både meir dødelege og vanskelegare å løyse. Den rolla som Libya, Jemen, Mali, Syria, Colombia og religiøse grupper spelar i fredsmekling er blant dei tema som vil bli drøfta på forumet i år.

Presseprogram på Losby gods (med atterhald om endringar)

Tysdag 19. juni

Kl. 08.00 – 08.30: Frammøte presse. Tryggleikskontroll.
Kl. 09.00: Pressekonferanse med deltakarane i opningspanelet: FNs generalsekretær António Guterres, Somalias statsminister Hassan Ali Khayre og utanriksminister Ine Eriksen Søreide
Kl. 09.30 – 09:40: Pressa kan følgje starten av opningssesjonen leidd av utanriksminister Eriksen Søreide via videolink i presserommet. Lyd og bilde kan tappast.

Presseakkreditering

Medium som er interesserte i å dekkje Oslo Forum i år, eller som ønskjer å akkreditere seg til å følgje António Guterres, må søkje om akkreditering ved å registrere seg på denne nettsida. Fristen for å søkje om akkreditering er torsdag 14. juni kl. 13.00.

Guterres sitt vidare program

Guterres skal, ut over å delta på Oslo Forum, blant anna i audiens på Slottet. Han skal i tillegg møte statsminister Erna Solberg på Nobels Fredssenter på Rådhusplassen for å opne ei utstilling om dei globale berekraftsmåla. Deretter skal dei to ha bilaterale samtalar og møte representantar for det nyetablerte havpanelet som Noreg har tatt initiativ til.

Det vert lagt opp til pressemøte med statsminister Solberg og generalsekretær Guterres på Norsk maritimt museum på Bygdøy kl. 14.25. Eit meir detaljert program for Guterres si vitjing blir sendt til den akkrediterte pressa når arrangementet nærmar seg.

Pressekontakt:
For Utanriksdepartementet: Ane Haavardsdatter Lunde, ane.lunde@mfa.no, mobil 976 71 250

Bilde frå Oslo Forum vil bli publiserte på UD si Flickr-side.

For Statsministerens kontor: Tor Borgersen, tor.borgersen@smk.dep.no, mob.: 909 38 987

Bilde frå Guterres sitt program med statsminister Erna Solberg vil bli publiserte på SMK si Flickr-side.