Historisk arkiv

Presseinformasjon

Utanriksminister Brende til Polen 9.-10. februar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Utanriksminister Børge Brende reiser til Warszawa 9. til 10. februar for politiske samtalar.

Brende møter mellom anna utanriksminister Witold Waszczykowski samt viseutanriksministeren med ansvar for Europa-saker. Han møter også etter planen representantar for polske opposisjonsparti samt Polen sitt ombod for menneskerettar, Adam Bodnar.

Tryggleikspolitikk, Russland, migrasjon og andre utanrikspolitiske tema samt energi og menneskerettar vert tema i samtalane.

Polen er ein særs sentral samarbeidspartnar for Noreg på fleire område. Det kjem også fram av regjeringa sin Polen-strategi frå 2016. Det er eit tett tryggleiks- og forsvarspolitisk samarbeid mellom Noreg og Polen. Landet er ein av Noregs viktigaste handelspartnarar og er no den største eksportmarknaden for norsk sjømat og den viktigaste marknaden i Europa for norsk forsvarsmateriell. Polske styresmakter viser også sterk interesse for import av norsk naturgass

Pressekontakt: Ane Haavardsdatter Lunde (med på reisa), ane.lunde@mfa.no, 976 71 250