Historisk arkiv

Presseinformasjon

Statssekretær Halvorsen til regionale møte i Stockholm

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Tryggingspolitikk, klima og miljø står på agendaen når statssekretær Audun Halvorsen deltek på utanriksministermøtet i Austersjørådet (CBSS) 18. juni, og det årlege utanriksministermøtet for dei nordiske og baltiske landa, samt Visegrad-landa, 19. juni i Stockholm.

Austersjørådet er ein regional samarbeidsorganisasjon med deltaking frå Danmark, Estland, Finland, Island, Latvia, Litauen, Polen, Russland, Sverige, Tyskland og Noreg i tillegg til EU-kommisjonen.

Frå norsk side er utfordringane knytt til forureining, forsuring og andre klimapåverknader i Austersjøen, bærekraftige forvaltning av marine og maritime miljø og utvikling av havbaserte næringar viktige tema under møtet. 

Austersjørådet har sidan etableringa i 1992 vært eit viktig forum for politisk dialog og utvikling av praktisk samarbeid om felles utfordringar som klima og miljø, kamp mot menneskehandel, vern av barn og engasjement av ungdom samt integrering og sivil tryggleik.

Tysdag 19. juni deltek statssekretær Halvorsen i det årlege møtet mellom dei nordiske og baltiske landa, i tillegg til dei fire Visegrad-landa Polen, Slovakia, Tsjekkia og Ungarn (NB8+V4). Tryggingspolitikk, Europas framtid inkludert brexit, migrasjon og energitryggleik står på dagsorden når representantar frå dei tolv landa møtes i Stockholm.

 

 

 

Pressekontakt: UDs pressevakt 23 95 00 02.