Presseinformasjon

Frank Bakke-Jensen vitjar Island

EØS- og EU-minister Frank Bakke-Jensen vitjar Island 29. og 30. januar

Hovudformålet med vitjinga er å møte Island sin nye utanriksminister, Gudlaugur Thór Thórdarson.

Eit viktig tema for samtalane er korleis ein kan styrke samarbeidet om gjennomføring av EØS-avtalen.

- Noreg, Island og dei andre nordiske landa har grunnleggjande fellesinteresse i ein sterk og velfungerande indre marknad. I eit Europa i brytningstid er det særs viktig å hegne om EØS-avtalen, seier Bakke-Jensen.

Gjennom Noregs formannskap i det nordiske regjeringssamarbeidet i 2017 er det ei sentral prioritering å styrke det europapolitiske samarbeidet i Norden, blant anna gjennom prosjektet «Norden i Europa». Dei to ministrane vil også diskutere brexit.

Møtet finn stad måndag 30. januar.

Pressekontakt: Ane Haavardsdatter Lunde (med på reisa), ane.lunde@mfa.no, 976 71 250