Historisk arkiv

Presseinformasjon

Utanriksministeren til Sahel-konferanse i Brussel

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide deltek 23. februar på ein høgnivå-konferanse om Sahel i Brussel. – Uro og terrorisme i Sahel hindrar stabilitet og utvikling i landa i regionen. Sahel-landa er blant dei mest sårbare i verda, og regionen er eit prioritert satsingsområde for Noreg, seier utanriksministeren.

Høgnivå-konferansen vert arrangert av EU, FN, AU (Den afrikanske union) og dei fem landa Mali, Mauritania, Burkina Faso, Niger og Tsjad (G5 Sahel). Tema for konferansen er samarbeid om tryggleik, politikk og utvikling i regionen. Målet er å mobilisere finansielle og materielle ressursar til G5 Sahel-landa sitt samarbeid for tryggleik og utvikling. Utanriksministeren vil under konferansen annonsere norsk støtte til samarbeidet.

– Noreg støttar innsatsen for fred i Sahel-regionen gjennom deltaking i FN sin fredsbevarande operasjon i Mali (Minusma), gjennom ei rekke tiltak for utvikling og stabilisering og gjennom humanitær bistand. Det er viktig med eit bredt internasjonalt samarbeid for å sikre iverksetting og gjennomføring av fredsavtalen for Mali, og for å stabilisere regionen, seier utanriksminister Eriksen Søreide.

Konferansen samlar ei rekke statsoverhovud, regjeringssjefar og høgnivådeltakarar frå mellom anna europeiske og afrikanske land, EU, FN og AU.

Akkreditering: Journalister som allereie har akkreditering til EU-institusjonane vil også ha tilgang til pressekonferansen i samband med konferansen. For meir informasjon om konferansen les her. Utanriksministeren er tilgjengeleg for pressa på Norway House om lag kl. 11.45.

Pressekontakt: Ingrid Kvammen Ekker, ike@mfa.no, mob. 990 24 984 (med på reisa)